Prosjekter |
Written by Ulvig Kiær AS |
Seterfossen KraftverkSeterfossen er et samarbeidsprosjekt mellom naboene Ulvig Kiær AS og Mona og Kjell Asgeir Trones. Konsesjon ble meddelt 15.02.2010.
NVE skriver følgende:
Ulvig Kiær AS og Mona og Kjell Asgeir Trones har søkt om løyve til å bygge Seterfossen kraftverk i Flåttådalselva i Namsskogan. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 3,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 10,6 GWh. Elvestrekninga er relativt brei med svaberg i elvebotnen. Topografien gjer at elva stort sett ikkje er synleg. Det går ein skogsveg inn til planlagt inntak, og røyrgata vil stort sett bli nedgraven i denne vegen. Vegetasjonstypane i området er vurdert til å være vanleg førekommande i Flåttådalen. Det er ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen eller inntaksområdet. Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskapet. NVE meiner likevel det er mogleg å avbøte desse ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa. NVE meiner fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Seterfossen kraftverk på fastsette vilkår.
|
Last Updated on Friday, 11 March 2022 14:45 |